Dei siste dagane har det vore skrive litt om at Oslo til vinteren kan koma til å innføra forbod mot privat bruk av dieselbil på dagar med høg forureining.
- http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostlandssendingen/1.8319212
- http://www.vg.no/bil-og-motor/artikkel.php?artid=10068654
Bystyrevedtaket seier at byrådet kan iverksette:
a) forbud mot gjennomkjøring for tungtransporttrafikken, og/eller
b) forbud mot privat bruk av personbiler som benytter diesel som drivstoff på angitte deler av det kommunale veinettet i perioder med luftforurensningsverdier som overskrider grenseverdiene som følger av
forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning, kapittel 7 om lokal luftkvalitet, eller i perioder når kommunen anser at det foreligger fare for overskridelse av disse.
Det er nok ikkje realistisk å gjennomføra forbod mot gjennomkøyring for tungtransport så lenge det ikkje finst gode omkøyringsvegar utanom Oslo. Då står del b, forbod mot privat bruk av personbil som nyttar diesel, att. I det same vedtaket er det presisert enkelte unnatak og mange vil nok køyra bil uavhengig av eit eventuelt forbod. Likevel kan tiltaket, om det blir gjennomført, føra til færre timar med nitrogendioksidverdiar over grenseverdien og iallfall ein reduksjon i konsentrasjonane. Det er betre for folk å pusta inn luft med 201 µg/m3 enn luft med 260 µg/m3 NO2 sjølv om begge delar er over grenseverdien.
Eg ser at omlegginga av avgifter i 2007 vert trukke fram i kommentarfelt. Regjeringa var åtvara mot konsekvensane det ville få for lufta i byane, men valde å ikkje høyra på råda.Frå ein liten artikkel i Aftenposten i 2006:
Flere eksperter har i Aften advart mot flere dieselbiler i Oslo, og mener at dette vil gjøre luftkvaliteten i byen dårligere.- Dette er en reform som ikke kommer til å øke de lokale utslippene. Vi har foretatt en komplett faglig analyse av konsekvensene av avgiftsomleggingen. Jeg tror ikke Norsk institutt for luftforskning eller Friluftsetaten sitter på det analysegrunnlaget vi sitter på, sier Axelsen.Tar ekspertene feil?- Felles for de såkalte ekspertene som har uttalt seg i denne saken, er at de forutsetter at bruken av dieselbiler kommer til å øke.
Det er fornuftig å redusera utslepp av CO2, men det må ikkje føra til større konsentrasjonar av helseskadeleg forureining i lufta folk pustar inn på stadar der det allereie er høge nivå. Kanskje det mest fornuftige ville vore oppfordring til bruk av diesel dersom ein berre skal køyra utanfor slike område og oppfordring til at alle som køyrer i eller gjennom større byar og tettstadar brukar bilar som nyttar andre drivstoff.
Eg har og sett vedfyring nemnd i ein kommentar. Det er fornuftig å redusera fyring eller bytta til reintbrennande omnar, for slik å få ned svevestøvkonsentrasjonane. Det har likevel ikkje noko å seia for dette vedtaket. For tida er det høge konsentrasjonar av nitrogendioksid som er det største problemet med oslolufta. Sidan ein det aller meste av NO2 kjem frå eksos, og særleg dieseleksos, er det nødvendig å gjera tiltak retta mot trafikken for å få ned utsleppa.