Om Oslo og dieselbilar denne vinteren

Dei siste dagane har det vore skrive litt om at Oslo til vinteren kan koma til å innføra forbod mot privat bruk av dieselbil på dagar med høg forureining.

Bystyrevedtaket seier at byrådet kan iverksette:

a) forbud mot gjennomkjøring for tungtransporttrafikken, og/eller

b) forbud mot privat bruk av personbiler som benytter diesel som drivstoff på angitte deler av det kommunale veinettet i perioder med luftforurensningsverdier som overskrider grenseverdiene som følger av

forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning, kapittel 7 om lokal luftkvalitet, eller i perioder når kommunen anser at det foreligger fare for overskridelse av disse.

Det er nok ikkje realistisk å gjennomføra forbod mot gjennomkøyring for tungtransport så lenge det ikkje finst gode omkøyringsvegar utanom Oslo. Då står del b, forbod mot privat bruk av personbil som nyttar diesel, att. I det same vedtaket er det presisert enkelte unnatak og mange vil nok køyra bil uavhengig av eit eventuelt forbod. Likevel kan tiltaket, om det blir gjennomført, føra til færre timar med nitrogendioksidverdiar over grenseverdien og iallfall ein reduksjon i konsentrasjonane. Det er betre for folk å pusta inn luft med 201 µg/m3 enn luft med 260 µg/m3 NO2 sjølv om begge delar er over grenseverdien.

Eg ser at omlegginga av avgifter i 2007 vert trukke fram i kommentarfelt. Regjeringa var åtvara mot konsekvensane det ville få for lufta i byane, men valde å ikkje høyra på råda.Frå ein liten artikkel i Aftenposten i 2006:

Flere eksperter har i Aften advart mot flere dieselbiler i Oslo, og mener at dette vil gjøre luftkvaliteten i byen dårligere.- Dette er en reform som ikke kommer til å øke de lokale utslippene. Vi har foretatt en komplett faglig analyse av konsekvensene av avgiftsomleggingen. Jeg tror ikke Norsk institutt for luftforskning eller Friluftsetaten sitter på det analysegrunnlaget vi sitter på, sier Axelsen.Tar ekspertene feil?- Felles for de såkalte ekspertene som har uttalt seg i denne saken, er at de forutsetter at bruken av dieselbiler kommer til å øke.

Det er fornuftig å redusera utslepp av CO2, men det må ikkje føra til større konsentrasjonar av helseskadeleg forureining i lufta folk pustar inn på stadar der det allereie er høge nivå. Kanskje det mest fornuftige ville vore oppfordring til bruk av diesel dersom ein berre skal køyra utanfor slike område og oppfordring til at alle som køyrer i eller gjennom større byar og tettstadar brukar bilar som nyttar andre drivstoff.

Eg har og sett vedfyring nemnd i ein kommentar. Det er fornuftig å redusera fyring eller bytta til reintbrennande omnar, for slik å få ned svevestøvkonsentrasjonane. Det har likevel ikkje noko å seia for dette vedtaket.  For tida er det høge konsentrasjonar av nitrogendioksid som er det største problemet med oslolufta. Sidan ein det aller meste av NO2 kjem frå eksos, og særleg dieseleksos, er det nødvendig å gjera tiltak retta mot trafikken for å få ned utsleppa.

Om mediedekning – omfang og måte

Det er naturleg at det er stor mediemerksemd om rettssaka som starta i dag. Det er òg viktig at me får informasjon om kva som skjer, men eg skulle likevel gjerne sett ei noko anna dekning. Sjølv har eg verken tenkt å følga saka aktivt eller å unngå ho.

Nettavisene har mange saker om det som skjer. Framsidene til papiravisene gjer at ingen kan vera i tvil om at saka starta no. I radioen vert det nesten ikkje snakka om anna. Dagsnytt 18 skulle “i sin helhet” vera via saka. Det var for mykje for meg så eg slo av. Om halve sendinga var via saka ville eg truleg høyrd på. Eg har ikkje TV og synest det er like greitt for tida.

Det ser heller ikkje ut til at artiklane i nettavisene er meir gjennomarbeidde enn til vanleg.  I dei få der eg har lese meir enn overskrift og ingress har eg sett like mange trykkfeil som elles (døme: pykologisk). Eg har og sett nesten ordrett same informasjon to gonger i same artikkel – som om journalisten har omformulert seg utan å sletta den opprinnelege teksten.

Det eg ønskjer er færre artiklar i nettavisene og litt mindre tid brukt i radioen, samt at dei artiklane og radioinnslaga som vert publiserte er gjennomarbeidde og informative. I tillegg vil færre innlegg om dette gjera det lettare å få med seg kva som elles skjer.

Forhåpentleg klarar vekeavisene eg les å trykka gjennnomarbeidde artiklar og kommentarar. Dei har nok ein fordel ved at dei ikkje kjem ut før fredag og uansett ikkje kan vera først ute med det som skjer i rettssalen, men heller kan bruka tid på å skriva gode tekstar.

Byhelg, foredrag Tøyen Hovedgård

På grunn av jobb var eg nøydd til å halda meg nær byen i helga. Likevel har eg fri mesteparten av dagane. Derfor har eg i helga både hatt besøk av familie, inkludert ein 8 månadar gammal baby, og teke ein tur innom botanisk hage. Det var deilig å sitja ute i sola, men samstundes småkjølig med vinden i nakken.

Klokka eitt var det foredrag om Petroleumsplaneten på Tøyen Hovedgård. For ei veke sidan hadde eg planlagt å høyra Dag Hessen, men då var det fullt før eg kom, og eg fekk heller ikkje plass på neste. I dag var det nok plass til alle interesserte.

Øyvind Kammer snakka om korleis olje er ein del av naturen. Han var innom korleis olje vert danna, kor ein finn olje og kva rolle olje har i økosystem. Eg prøver under å gi eit kort referat ispedd tankar og spørsmål som har slått meg.

Det finst naturlege oljeoppkomme. Tek slike fyr kan dei brenna i mange år. Det er ikkje unikt for jorda at me har hydrokarbon her, men sidan jordatmosfæren inneheld oksygen er det mogleg å brenna slike og dermed nytta energien. Olje vert danna når organismar ikkje vert brote ned på vanleg måte. Det er gjerne lite oksygen til stades. Først vert det danna kerogen, så vert dette brote ned til petroleum.

Det meste av oljen som er utvunne hittil er utvunne på konvensjonelt vis. For å få eit oljereservoar som eignar seg trengst då ein kjeldebergart (som mørk skifer) der oljen vert danna, eit reservoar oljen samlar seg i og kan pumpast ut frå (t.d. sand) og ein tett takbergart som hindrar oljen i å lekka ut av reservoaret. Mykje olje er utilgjengeleg for konvensjonell utvinning og dermed vert det mindre og mindre lett tilgjengeleg, billig olje.

Det kjem likevel ikkje til å bli slutt på olje i nær framtid. Ved å nytta ukonvensjonelle kjelder er det mogleg å henta ut store mengder olje. Slike kjelder kan vera:

  • Oljesand/tjøresand – biodegradert olje
  • oljeskifer
  • skiferolje/skifergass – olje og gass som framleis ligg i kjeldebergarten
  • kolgass
  • syntetisk olje og gass frå kol
  • grunngass
  • gasshydrat

Eg trur derfor ikkje det kjem til å bli nokon brå overgang frå bruk av olje og gass til andre energikjelder. Det vil vera mogleg å nytta desse i lang tid, sjølv om det vert dyrare og vanskelegare å utvinna. Spørsmålet er i kor stor grad ein ønskjer å nytta desse kjeldene. Kor naturøydeleggande vil utvinninga vera? Er det nokre av kjeldene som er mindre miljøskadelege enn andre? I kor stor grad klarer me oss utan å ta av dei?

Det finst naturlege oljeoppkomme og bakteriar som lever av olje. Alcanivorax er eit eksempel. Det er og oppdaga metanoppkomme på havbotnen. Ved slike kan heile økosystem byggast opp. Dei kan og gje ly og gøymestadar til fisk og andre organismar i havet.

Bygningslok over sterkt trafikkerte vegar – god idé eller tåpeleg forslag.

Før valet i haust las eg program frå alle 15 parti som stilte her i Oslo. Eg la merke til følgjande i programmet til miljøpartiet de grønne:

Istedenfor å bruke milliarder på lokk over støyende veier, vil vi gi utbyggere mulighet til å bygge lavblokker direkte over de aktuelle veiene. For å veie opp for økte byggekostnader, kan kommunen og staten tilby svært rimelig tomteleie.

og

Men dette kan gjøres mer økonomisk om man bygger bygninger istedenfor lokk over veiene. Dette er gjort mange steder, men vanligvis med kontorer.

Eg er ikkje sikker på om det vil vera mogleg å bygga bustadar på denne måten. Det vil truleg lata seg gjera med kontorlokaler og andre næringsbygg, men krav til m.a. luftkvalitet er/vert praktisert strengare for bustadar enn arbeidsplassar. Dersom det likevel er mogleg å få til – med akseptabel luftkvalitet og støynivå på uteområde – vil det gjera det mogleg å utnytta mykje meir av plassen i Oslo til bustadbygging. Vonleg vil det og, iallfall på kort sikt, dempa presset om å få lov til å bygga i marka.

Det avgjerande spørsmålet er om det let seg gjera å få tilfredsstillande luftkvalitet og støynivå for bustadar som ligg rett over sterkt trafikkerte vegar, og eg tvilar på at det er mogleg for tida. Legg gjerne igjen ein kommentar dersom du kjenner til korleis dette er tenkt løyst. Eg set pris på informasjon og lenker til aktuelt lesestoff.

Når det gjeld luftureining i Oslo er det først og fremst nitrogendioksid og svevestøv (PM10 og PM2,5) som er utfordrande. For nitrogendioksid har alle målestasjonane målt høgare årsmiddel enn det som er tillete i forurensningsforskriften. NO2 er ein gass så det skal litt til å hindra den i å trenga inn i bygg, for ikkja å snakka om å halda han vekke frå uteområde knytt til bustadane. Situasjonen er litt betre når det gjeld svevestøv, men Oslo er langt unna nasjonale mål på dette området og.

Den som som orkar å leita seg fram på sida kan finna informasjon om situasjonen, mellom anna rapportar og oppdaterte måleresultat, på www.luftkvalitet.info. I dag ser eg at siste døgnmiddel for svevestøv (PM10) har vore 73,6 i Kirkeveien 60,7 ved Manglerud, 56 ved RV 4 og 85,9 ved Alnabru. Verdien bør vera under 50 for å oppfylla krava i forskrifta og lågare enn det igjen for å unngå helseeffektar hos sårbare grupper.

Klif har laga ein presentasjon om planretningslinje for luftkvalitet og skriv der.

Rød sone
Ny bebyggelse med følsomt bruksformål/-areal bør unngås

Bygningar over sterkt trafikkerte vegar ligg ganske sikkert i raud sone. Derfor tviler eg på at det vil lata seg gjera å få god nok luftkvalitet der til at det bør byggast bustadar. Støy kan eg ikkje nok om til å vurdera. Likevel trur eg det kan verta utfordrande å få særleg uteområde stille nok.

Dersom det finst tekniske løysningar som gjer det mogleg å få tilfredsstillande støynivå og luftkvalitet er eg interessert i å lesa om det. Kom gjerne med tips i kommentarfeltet viss du veit om noko.

Mine ønskjer for kollektivtrafikken i Oslo

Noko skjedde med dette innlegget slik at alt eg skreiv forsvann. Eg håpar eg klarar å rekonstruera det.

For det meste eg ganske nøgd med kollektivtilbodet i Oslo. Det var iallfall klårt betre i Oslo i januar 2009 enn i Bergen i desember 2008. Noko av grunnen var små ting. Til dømes at rutetabellen på busstoppet viser når bussen skal gå derfrå og ikkje når bussen går frå Nesttun og kor lang tid han skal bruka til Danmarksplass når eg står på eit stopp mellom Minde og Danmarksplass.

Likevel kan tilbodet verta betre. Eg ønskjer ei satsing på t-bane. Om skinnene vert lagd i nye tunnelar, på bakkenivå eller over bakken er uvesentleg. Det viktige er at bana ikkje vert hindra av annan trafikk og at vognene er av god standard. Der det ikkje er aktuelt å bygga t-bane ønskjer eg bussruter med hyppige avgangar og god kapasitet. Når det gjeld trikk vil eg behalda dagens linjer, men ikkje satsa på nye. Dersom det vert laga nye trikkelinjer bør standarden tilsvara det eg opplevde i Bordeaux. Stort sett hadde trikken der eigen trasé og vognene hadde standard av om lag same nivå som dei nye t-banevognene. Dei var langt betre enn trikken som er i bruk i Oslo i dag.

Eg meinar det er feil å legga ned bussruter. Oslo treng større kapasitet i kollektivtrafikken, ikkje mindre. Det er og viktig å ha eit tilbod over heile byen. Det er bra at det vert sett inn leddbussar på linje 21 og 54 no, men uheldig at det er planar om færre avgangar. Eg trur ruter kunne fått enda fleire passasjerar på desse linjene enn dei har i dag. Det er ikkje sikkert eg er den einaste som går av bussen fleire stopp før eg er framme, eller slett ikkje går på bussen, når han er overfylt. Eg har gått frå sentrum og forbi Sagene for å unngå å stå som sild i tønne. Og eg har angra på at eg tok 37, som er leddbuss, frå Apotekergata/Arne Garborgs plass i staden for å gå til Bjølsen når den har vore overfylt.

Eg forstår at det kostar ein del å driva alle rutene og at ein må ha sjåførar. Likevel synest eg ein i det lengste må unngå å legga ned eksisterande ruter og at kapasiteten må aukast på linjer der det er behov for det. Iallfall om det kan gjerast ved at same tal bussjåførar, trikkeførarar eller t-baneførarar får større bussar eller fleire vognsett.

Høgsterett om mobbing

Eg har med interesse lese at høgsterett har avsagt dom om at ein kommune må betala erstatning til ein elev som vart mobba. Eg har og lese eit par blogginnlegg og kommentarar om saka. Mellom anna frå John Steffensen, Inge D. Hanssen og Preik, Bergens Tidende.

Sjølv opplevde eg mobbing i skulen delvis i same periode som mannen som no har fått erstatning, men på ein annan kant av landet. Eg hugsar ikkje nøyaktig når det starta, men det var nok i løpet av dei første åra på barneskulen. Skulen visste om det frå eg gjekk i 3. eller 4. klasse, men klarte aldri å stoppa det. Intensiteten varierte, men det tok ikkje heilt slutt før eg flytta ut for å studera.

I ettertid har eg lurt på om det var manglande evne eller manglande vilje frå lærarar og skuleleiing som gjorde at dei aldri fekk stoppa det. Vonleg var det evnen som svikta, men det ville ikkje overraska meg det aller minste om det kom for dagen at det var viljen det skorta på.

Uansett kunne situasjonen vore handtert betre. Dersom eg sjølv får barn ein gong har eg følgjande ønskjer for skulen:
At lærarar og leiing kan gje eit klårt svar på kva dei gjer når mobbing vert avdekka.
At skulen jobbar for gode klassemiljø og læringsmiljø.

Det siste eg ønskjer er ein skule som påstår at mobbing ikkje førekjem der. Dersom det vert hevda fryktar eg at skulen lukkar augene for situasjonar som oppstår mellom elevane. Skulen må tora å sjå desse, og å sjå desse tidleg. Då kan lærarane følgja ekstra med og det vert mogleg å setja inn tiltak før situasjonen kjem ut av kontroll og vert fastlåst.

Helg – jobbing og Norcon?

Det blir ei roleg helg denne veka, då eg må jobba eit par timar tidleg på dagen både lørdag og søndag. Eg har likevel tenkt å få med meg delar av Norcon.

Laurdag er eg mest interessert i å høyra Kristine Tofte snakka om “Ofring – samspill mellom mennesker og guder i norrøn religion”. Eg har lyst til å kjøpa første bok i Song for Eirabu som e-bok, men eg må i så fall læra meg å knekka DRM og eg er ikkje sikker på om det er lovleg. Det er uaktuelt for meg å kjøpa e-boka om eg ikkje kan lesa ho på Kindle.

Søndag tenker eg på å få med meg Sunniva Rose og Bjørn Samset om “Kald fusjon: framtidens energiforsying eller science fiction?” og Øystein Sørensen, Arnfinn Pettersen og Klaus Mogensen om “Kvifor vil vi gjerne tro på konspirasjonar?” Eg trur det blir bra.

I tillegg må eg finna tid til litt husarbeid og kanskje ein tur i marka.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Raskare tog – lyntog eller utbetring av det som er?

Eg ser gjerne at ein får lyntog mellom dei største byane i Noreg, men skjønar og at det kan vera dyrt og vanskeleg å byggja opp eit system for det. Uansett er det mogleg å forbetra togsambandet frå slik det er i dag.

Ifølgje ein artikkel aftenposten.no publiserte i 2007 gjekk toget raskare før. I tillegg står det at det er spora som er dårlege og at krengetog kunne køyrd i 210 km/t på betre skinnegang.

I så fall kunne ein fått redusert reisetida ein del ved å rusta opp eksisterande skinnegang og togsett og ved å bygga dobbeltspor der det ikkje finst frå før. Det siste vil særleg hjelpa på strekningar som vert nytta av mange tog.

Bergensbana er 50 mil lang. Dersom eit tog med fart 200 km/t kunne køyrd denne strekninga utan stopp, ville det teke to og ein halv time. Dette er urealistisk for vanlege tog, sjølv på velhalden skinnegang. Dessutan skal toget ta med passasjerar frå fleire stasjonar mellom byane. Men kanskje det ville vore mogleg å få reisetida mellom Oslo og Bergen ned til omtrent fire timar eller litt mindre. Kombinert med hyppige avgangar, ville tog i så fall, for meg, verta eit reelt alternativ til fly på den strekninga.

Ei slik opprusting av eksisterande samband kan bli eit billigare alternativ til eigne lyntog. Det er og mogleg at det kan bli eit godt supplement. I det siste tilfelle vil lyntog kunna ha få stopp undervegs medan regiontog og i enkelte strøk lokaltog og vert raskare enn dei er i dag.

Lek som ei sil

Det er sjølvsagt stor offentleg interesse for saka etter 22. juli, men eg får eit stadig sterkare inntrykk av at media overdriv i dekninga. Før helga hadde Dagbladet (eller var det VG?) ei framside om siste e-post Anders Behring Breivik sende til syster si. Er det verkeleg interessant?

Eg lurer og på kven som lek så godt som alle dokument i saka til pressa. Iallfall verkar det som om nesten alt kjem ut. Er det politiet, bistandsadvokatar eller andre? Eg synest det er problematisk at media får tilgang til så mykje informasjon på ukontrollert vis på dette tidspunktet. Derfor prøver eg å unngå å lesa saker som openbert er basert på lekkasjar. Det er vanskelegare å unngå saker som bygger på saker som er basert på lekkasjar utan å unngå heile temaet.

Fram til rettssaka startar, eller like før dette, ønskjer eg at mediedekninga i hovudsak baserer seg på kjelder som er tilgjengeleg på normalt vis og utsegner frå folk som sjølve vel å ytra seg om saka. Dette kan vera historiar frå dei som var til stades på Utøya eller i regjeringskvartalet, det kan vera frå fagfolk og det kan gjerne vera kommentarar til opplysningar som vert lagde fram på pressekonferansar. Eg synest det er heilt i orden at noko meir informasjon enn det som er vanleg vert offentleggjord, til dømes via pressekonferansar, og journalistar må gjerne be om å få meir informasjon eller kommentarar. Det er bruken av dokument og informasjon som lek frå etterforskinga eg reagerer på.

Dersom det så er fare for at informasjon som er viktig å få fram i det offentlege eller det ser ut til at sider ved saka ikkje vert teke opp under rettssaka, kan det vera nødvendig både å lekka og å trykka lekkasjane. Men iallfall fram til rettssaka startar meiner eg at terskelen for kva som vert sett på som viktig nok til å trykka burde vore mykje høgare enn han no ser ut til å vera.

Luftureining og diesel

Då avgiftene på dieselbilar vart reduserte, vart truleg effekten på CO2-utslepp vekta vel sterkt samanlikna med effekten på NOx-utslepp. I tettbygde strøk og i byområde fører utslepp av nitrogenoksid (NOx) til dårleg luftkvalitet. Særleg NO2 er eit problem. Eg meiner at nitrogenutslepp frå dieselbilar burde vera godt nok kjend allereie i 2009 til at avgifta på desse bilane aldri burde vore sett ned.

Likevel, det ein ser no er nok ein større auke i NOx-utslepp enn det som var venta. Før jul kom ein rapport frå Transportøkonomisk Institutt om NO2-utslepp frå køyretøy i norske storbyar. Rapporten er tilgjengeleg her. Det finst EU-normer for kor mykje NOx ein dieselbil kan sleppa ut og bilane kan truleg klara desse – når det vert gjort testar under kontrollerte forhold. Det er likevel ikkje gitt at krava i normene vert oppfylte i vanleg trafikk. Både køyremønster og vêr verkar inn på nivået av gassen.

I fleire norske byar er det vanleg at vêret i periodar, særleg om vinteren, er slik at mykje av utsleppa frå eksosen vert verande i områda dei kom frå i staden for at det vert ført vekk med vinden eller regnar ut av atmosfæren.

Informasjon om luftkvaliteten ulike stadar i Noreg ligg ute på www.luftkvalitet.info. Her kan ein mellom anna finna informasjon om helseeffektar, måleresultat og rapportar om luftkvaliteten i ulike norske byar.

Eg er for å minimera alle slag utslepp frå biltrafikk så langt som mogleg, men då er det viktig at både lokale og globale effektar av tiltak vert klårlagde før desse vert innførde. Det vert feil å ofra det lokale miljøet – spesielt i område der det bur folk – for å betra det globale miljøet. Det beste ville vera å finna tiltak som reduserer all ureining, både den som gjev størst problem lokalt og den som gjev størst problem globalt.

Om mobbing – med tal

Eg held på med boka The Bully, the Bullied and the Bystander av Barbara Coloroso og eg såg ein link til blogginnlegget Jeg – en taper? på twitter.

Dette har fått meg til å tenka over kor mange det er som eigentleg opplever å vera involverte i ein mobbesituasjon. Tal frå Uni helse viser at 12% av elevane i grunnskulen er utsette for mobbing og 7% mobbar andre. 2% er både utsette og mobbar sjølve.  Det vert fødd om lag 60 000 barn i Noreg kvart år. Om ein forenklar litt og går ut frå at tala er like for alle klassetrinn vil dette seia at over 7000 barn er utsette for mobbing og over 4000 mobbar andre, berre i eitt årskull. Over 1000 av desse høyrer til i begge gruppene. For 1.-10. klasse samanlagt vert tala da over 70 000 utsette og over 40 000 mobbarar, med over 10 000 som er både utsette og mobbarar.  Viss ein berre ser på dei 5% som er innblanda i alvorlegare mobbing som skjer iallfall ein gong i veka vert det likevel om lag 3000 barn i eitt årskull eller 30 000 for 1.-10. klasse sett under eitt. I realiteten varierer nok førekomsten på ulike klassetrinn.

Coloroso skriv at også tilskodarane til mobbing vert påverka og prega av situasjonen. Det er mange måtar å vera tilskodar på. Desse spenner frå å delta aktivt i ein mobbesituasjon andre har starta til å ha eit ønske om å forsvara den utsette utan å lata dette følgjast av handling.

Ser ein situasjonen på denne måten vil ofte store delar av klassar eller skular pregast av det dersom mobbing oppstår i miljøet. Når så mange, på ulike måtar, kan verta ramma av eit problem, er det viktig å gripa tak i det. Lærarar og andre vaksenpersonar må få kunnskap, mogleik og om nødvendig hjelp til å førebygga og til å stoppa byrjande mobbing.

Eg har tru på at arbeid for eit godt klassemiljø frå første skuledag kan redusera førekomsten av mobbing. Eg har tru på vaksne som er til stades og som observerer samhandling tilstrekkeleg ofte og over tilstrekkeleg lang tid til å skilja mellom venskapleg erting og vondskapsfull terging, mellom kameratar som leikeslåss og vald nytta til undertrykking. Eg har tru på lærarar som tidleg tek det på alvor når dei vert usikre på om ei negativ utvikling har starta.

Det er neppe lett å få til og det vil ikkje verka som ein vaksine mot mobbing. Men eg trur det å alltid ha eit fokus, ikkje berre på mobbing, men på heile klassemiljøet vil gjera det lettare både å oppdaga og å stoppa mobbing.

Eigentleg er det ikkje så rart at mange kjenner seg igjen i blogginnlegget. Det er nok slik at dei som har liknande opplevingar er overrepresentert mellom dei som kommenterer, kanskje og mellom lesarane av innlegget. Internett gjer det mogleg å finna tekstar om tema ein er oppteken av og tekstar ein kan kjenna seg att i og å kommunisera direkte med forfattaren.

Avslutning av forelesingsrekke 3. desember

Eg har før skrive om at Universitetet i Oslo i haust har hatt ein forelesingsserie “Etter 22. juli”. Laurdag 3. desember vert denne avslutta med Etter 22.7: Studenters reaksjon, engasjement og deltakelse. Også dette arrangementet finn stad i Gamle festsal frå klokka to laurdag. Sidan eg ikkje får sjansen til å vera der håpar eg dette og vert lagt ut på nett på eit seinare tidspunkt.

Etter 22. juli – opne forelesingar ved UiO

I byrjinga av november oppdaga eg at Universitetet i Oslo heile hausten har hatt ein forelesingsserie Etter 22. juli-forelesninger i Gamle festsal på laurdagar. Synd eg ikkje oppdaga denne serien før. Tidleg i haust, kanskje august/september, lurte eg på om det fantes noko i same gate. P2-akademiet kunne vore ein arena, om programmet framleis hadde eksistert, eller kanskje det fantes foredrag. Men openbert fann eg ikkje dei rette søkeorda den gong.

Da var det bra å finna dei fleste av dei tidlegare arrangementa i kunnskapskanalen og her. Eg saknar likevel to, “Religion og norske verdier” og “Ingen sinte unge damer?” , og håpar dei og vert å finna digitalt seinare.

Eg har no sett dei forelesingane som er tilgjengelege gjennom kunnskapskanalen og eg har vore til stades på dei tre siste. Dette var 12. november om totalitære ideologiar og politisk nettdebatt, 19. november om oppvekst og politisk danning og i går då det juridiske fakultet hadde ansvar for ein debatt om formål og krav til rettssaka. Den 12. vart det argumentert for at det i “manifestet” er skildra eit totalitært samfunn. I går vart det slått fast at formålet med ei rettssak er å fastslå skuld og eventuelt straff, men ho kan og ha andre funksjonar.

Det varierer kor gode dei som har delteke er til å snakka til og fenga eit publikum som ikkje nødvendigvis har forkunnskapar innan dei aktuelle emna. Stort sett synest eg det har vore interessante tema og at det har blitt formidla på ein måte eg kunne henga med på. Men delar av den eine forelesinga fekk meg til å prøva å hugsa om eg lærte omgrep som var nytta i ex.phil. for ti år sidan eller om det er slikt ein lærer første semester på akkurat det fakultetet.

Eg kan rå alle som er interesserte i emna til å ta ein kikk på kunnskapskanalen. Kom gjerne med synspunkt til eit eller fleire av emna.

Om lesing og e-bøker

Eg les mykje og har fleire bøker enn eg har plass til i bokhyllene.  Derfor kjøpte eg Kindle for eit års tid sidan slik at eg kan slutta å leita etter plass til svære, engelskspråklege bøker i dei overfylte hyllene mine. Eg skulle gjerne kjøpt norske bøker og som e-bøker. Inntil vidare sparar eg plass ved å stort sett nytta biblioteket når eg vil lesa norsk.

Kva eg ynskjer meg

Sidan eg allereie har Kindle, ynskjer eg å kunna lesa også norske e-bøker på dette brettet. Om boka eg vil lesa vert seld i eit format som kan lesast av alle eller om eg kan velja mellom ulike format er uvesentleg. Eg ynskjer å kjøpa, lasta ned og byrja å lesa boka med få klikk. Det er i orden for meg å måtta logga meg inn éin gong og å måtta overføra boka frå PC til lesebrett viss dette er nødvendig for at eg skal kunna lesa på dingsen eg har.

Elles er det viktigaste utval og pris. For bøker som kan lesast på Kindle vert pris viktigast. Eg er villig til å betala ein pris omtrent på nivå med pocketbøker, kanskje litt over, for nyare bøker. La oss seia 100-150 kroner. I visse tilfelle kanskje enda meir. Men da tenker eg på spesielle ting, til dømes sær faglitteratur.

Eit forslag

Det kan henda eg i framtida vil vera villig til å kjøpa eit eige lesebrett for norske bøker. I så fall vert utvalet av bøker enda viktigare. Før eg kjøper eit nytt brett må eg vera sikker på at det meste av det eg vil lesa er tilgjengeleg. Det gjeld både for norsk og omsett litteratur, for nyutgjevne bøker og eldre litteratur, for skjønnlitteratur og faglitteratur.

Pris vil også i dette tilfelle vera viktig. Dette inkluderer prisen på brettet. Aller helst vil eg ha eit brett med e-ink, eit brett som kan lesa alle e-bokformat, eit brett der ein kan legga inn app for å kjøpa den eller dei bokhandlane ein har lyst til  (både norske og utanlandske) og eit brett som dersom det kjem med mogleik for ekstern lagring nyttar standarløysningar. Dersom det  kjem med spesielle løysingar må dette verken gjera brettet dyrare, tyngre eller meir klumpete enn det ville vore utan.

Så kva gjer eg?

Fram til det finst ei god løysing for kjøp av norske e-bøker låner eg det meste på biblioteket. Men det er nokre unnatak:

  1. Biblioteket har ikkje boka, kjem neppe til å få ho med det første og eg har verkeleg lyst til å lesa ho
  2. Biblioteket har boka, men det er lang ventetid og eg har verkeleg lyst til å lesa denne boka
  3. Boka er eit oppslagsverk eller pensum eg har bruk for
  4. Når eg veit at eg kjem til å ønska å lesa ei bestemt bok fleire gonger
  5. Viss eg skal gi boka i gåve til nokon
  6. Viss eg har lyst til at forfattaren skal tena litt på meg og eg har lyst til å lesa boka.
  7. Viss eg finn noko interessant til eit par tiarar på loppemarknad
  8. Av og til viss eg finn noko interessant på sal i bokhandelen

Hittil i år har eg kjøpt ti bøker på norsk. To er gitt vekk i gåve (5), fire er kjøpt på loppemarknad (7), to på sal i bokhandel (8), ei trengte eg til eit kurs (3) og ei er ein ny, norsk roman (2). Hittil i år har eg lese minst 62 bøker og 36 av desse har vore på norsk.

Eg ser ikkje vekk frå at eg hadde kjøpt mellom ein tredel og halvparten av desse som e-bøker dersom prisen hadde vore god og det enkelt var mogleg å få lest dei på Kindle. For 1 og 2 ville eg iallfall kjøpt bøker eg har lyst til å lesa, ikkje berre dei eg verkeleg har lyst til å gjera. Og eg ville utan å blunka kjøpt ein e-bokversjon av De elendige av Victor Hugo (2-bindsutgåva frå 1974) for rundt 100 kroner per bind i staden for å leita på alle loppemarknadar eg har vore innom dei siste åra. I år har eg fått tak i bind 2 frå 1974 og begge bind av Samfundets ulykkelige utgjeve i 1929 og 1930.

Mine tankar om mobbarar

Etter å ha lese Er englebarnet ditt en mobber? (klikk.no) og Fokus på mobberen (mobbingiskolen.no), har eg tenkt litt på kven som var mobbarane i min klasse.

Det er mange år sidan eg var i situasjonen og mykje er derfor uklårt for meg.  Det kan tenkast at noko av det eg skriv ikkje er heilt korrekt. Minnet er ikkje alltid til å stola på. Viss nokon av dei eg gjekk på skule med les dette og har ei anna oppfatning enn mi, kan den vera like rett. Eg vil likevel skriva om slik eg opplevde at det var.

Eg slit framleis med å skilja mellom dei som “berre” var tilskodarar og dei som var aktivt involvert og førte an i mobbinga, men nokre få personar skil seg ut frå mengda.

Mellom jentene var det to grupper, eller veninnepar, som var verre enn dei fleste. Desse var ulike, iallfall i korleis dei klarte seg på skulen, kanskje og i kva sosioøkonomisk bakgrunn dei hadde og posisjon i klassen. Eg hugsar og dei få som var villige til å vera ven med meg i friminutt og etter skuletid. Og dén jenta som stod opp og forsvarte meg overfor mobbarane når ho syntes det gjekk for langt.

Eg er no ute av stand til å hugsa om nokon av gutane oppførte meg spesielt ille mot meg – eller var venlegare enn resten. Men også dei deltok i utestenging og terging.

Det som likevel står klårt for meg er at dei som var aktivt med på mobbinga i klassen min var svært ulike på fleire måtar. Om ein skulle prøvd å finna mobbarane ved å sjå etter typiske trekk, trur eg ein lett ville risikert å berre få auge på den eine av gruppene.